Rundtur Raknesvågen-Hamre

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Padletur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    12,9 km
    2 timer, 30 minutter
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Apr - sep

Rundtur frå Osterøy Turlag sitt naust i Raknesvågen og sørvestover til Hamre kyrkje frå om lag år 1600. Turen føl langs fine viker på vegen. Ein tur i land ved den ærverdige kyrkja er obligatorisk og på sundagar er det sal av bollar og brød i kjellaren på den gamle prestebustaden. Ein kan og forsetja vidare til badeplassen på Klokkarneset. Returen går strake vegen tilbake på utsida av fiskeoppdrettsanlegget. Viss ein ikkje ynskjer så eksponert farvatten kan ein halda langs land på returen og. Osterøy turlag har kajakkar til utleige i turlagsnaustet i Raknesvågen.

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Via Osterøybrua: Følg vegen (rv566) i ca 10 km til du kjem til ei rundkjøring, og ta til høgre i den (1. avkjøring, mot Lonevåg). Etter ca 800 m tek du av mot høgre (rett før den nye tunellen mot Lonevåg) og følger så denne vegen (skilta mot Raknes og Hjellvik) til Raknes. Etter å ha passert ei lita bru og innkjøringen til Raknestunet tar du til venstre inn Raknesvågen. Parker ved ein liten parkeringsplass på venstre siden av veien. Her er plass til 2-3 bilar og kort vei ned til naustet. Via ferge Breistein Valestrandsfossen: Kjør rett fram etter ferja, og ta så til venstre i ein knapp høgresving etter ca 700 meter. Følg skilta mot Raknes ca 8 km, og du kjem då til eit T-kryss (ved Hjellvik). Ta til venstre i T-krysset. Følg så vegen ca 1,5 km til Raknes. Etter å ha passert ei lita bru og innkøyringa til Raknestunet tar du til venstre inn Raknesvågen. Parker ved ein liten parkeringsplass på venstre siden av veien. Her er plass til 2-3 bilar og kort vei ned til naustet.

Adkomst med offentlig transport

Buss 211 frå Bergen eller Valestrandsfossen til Raknesvågen.
Annonse