Utgangspunktet for turen er Flatagrov eller Nestedokk ved Skaraåsvegen. Alternativ tilkomst er frå Rotneim. Turen til Fagerdalen frå Nestedokk går delvis på stølsveg og delvis på stig i eit skogkledt terreng som er lett å bevege seg i. Turen frå Flatagrov til Fagerdalen går langs god stig i skogkledt terreng. På vegen passerer ein Skjenhovdstølen. Fagerdalen er ein gammal støl.