Parker på parkeringsplass ved Vikinglandsbyen på Dragseidet mellom Stadlandet og Drage. Her kristna kong Olav Trygvason 4 fylker (Sygna, Firda, Sunnmøre og Raumsdal fylke) i år 997 ! Det er også plassen for starten til fjelløpet Stadlandet Rett Vest (13,2 km) som går i Mai kvart år. Følg Skilting og røde pinner til topps. Stien går i lyng og nokre korte innslag av myr. Stien går jamt og fint oppover mot Vardeberget. Oppe på Vardeberget har du fin utsikt men ikkje 360 graders rundskue. Vil annbefalt at du tar turen videre til Grøtrøysa som er omtrendt like langt som frå Dragseidet til Vardeberget. Turen er 3,7 km lang t/r og 241 Høgdemeter
Om du vil ha ein lenger tur så kan du enten ta turen tilbake til Dragseidet via Grøtrøysa – Skjeljevatna – Dalskarhornet og vegen tilbake frå Dalskaret til Dragseidet (totalt 12,4 km , 3 timer og 638 høgdemeter). Om du vil gå den flotte Stadlandet Rett Vest løypa til Ervik (Stad grendahus) så følger du skiltingen vestover. Du passerer då Grøtrøysa og Mosekleivhornet med flott utsikt til Hoddevik på vegen. (totalt 13,2 km , ca. 3 timer og 600 høgdemeter). Hugs bil/sykkel i Ervik (Stad grendahus) for retur til Dragseidet.
Turen er post nr 7 på Stadlandet IL Fjelltrim