Fotasperrnuten - bratt topptur frå Steinskvanndalen 

Publisert av: Kvam Turlag

Fotasperrnuten - bratt topptur frå Steinskvanndalen 

Turen startar ved Fv7 over Kvamskogen, ved Aktiven/Ungdomsheimen. Det er ma ein parkeringsplass ved bommen litt oppi skogsvegen..Du fylgjer vegen innover til Nedre Steinskvanndalen. Etter brua svingar du til høgre og fortset til rett etter neste bru. Her set du kursen oppover/nordover deltaet og etter nokre hundre meter kryssar du bekkafaret som kjem frå Fotasperrdalen og finn etterkvart raudmerka sti der stigninga opp mot den bratte lia byrjar.

Du vinn fort høgde og utsikt oppover lia, først ned til Steinskvanndalen og fjella vestover. På toppen opnar utsikten seg mellom anna mot Fulgafjell i nordaust og Iendefjell i nordvest.

Om sommaren kan du møte hestar og kyr på sommarbeite i Steinskvanndalen, så ta omsyn om du skulle kome nær.

Det er omlag 7 km og 800 høgdemeter til toppen på 1194 moh.

Slik kommer du deg dit

Adkomst med offentlig transport

Med rutebuss frå Norheimsund mot Bergen eller motsatt