Sogestien i Fitjadalen

Publisert av: Kvam Turlag

Sogestien i Fitjadalen

Stien startar litt nedom Såge, omlag ved Klypeleite (dvs litt nedom uløpet til Fitjadalsvatnet) Her er det god parkeringsplass ved stistart. Du føl stien og kryssar elva på ei god bru og føl stien vidare langs kanten av vatnet. Etter ein fin rusletrur passerer du Kvannvik, og rett etter er du i Lauvvik. Du føl stien vidare opp til toppen av bakken. Om du kjem frå Lauvvik står posten på den vesle haugen på høgre side der det står ein benk og ei fin bjørk.

Dette er ein kortvariant av sogestien. Frå Kvannvik kan du gå øvre del av Sogestien, opp til Vikehelleren og vidare forbi Kongsgjel og under Kongshovden. Langs ei oppmerka løypa rundt Fitjadalsvatnet finn du kulturhistoriske funn og informasjon om korleis folket brukte området i gamle dagar for å skaffe seg mat og utkome. Ein vil bl.a. sjå helleristningar, offergroper, gamle stølshus, løer og båtnaust. Infomateriell kan kjøpast på turistinformasjonen (ved Steinsdalsfossen) og ein del iformasjonstavler er enno intakt med informasjon på dei ulike stadane.