Kvennavegen - Møsstrond

Publisert av: VandreTelemark-VisitDalen
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    1,7 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Jun - sep

Lett rundtur på barnevognvenleg grus- og plankeveg til svaberg og badeplass ved Kvenna. Flott utsikt mot fjellgarden Argehovd, som ligg ved foten av Hardangervidda. Lær om livet på Møsstrond gjennom tidene på infotavler undervegs. Lytt til "snakkestolpen", som fortel deg om livet her i dag.

Du startar turen ved Mogen turisthytte, og følgjer bygdevegen mot Argehovd. Etter brua over Hellegjuvbekken, tek du til venstre på ein grusveg som går langs bekken. Etter om lag 100 meter tek du til høgre på turvegen mot Kvenna. Derfrå følgjer du svaberga langs elva, før du tek til høgre og går tørrskodd på plankevegen over myta, som ender opp på bygdevegen. Følg bygdevegen tilbake til Mogen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Start i Rauland sentrum- Følg rv 37 i retning Rjukan. Etter 26,5 kilometer ta av til venstre mot brygga på Skinnarbu. Parker på brygga. Betal p-avgift (kontakt) i kasse og legg kvittering synleg i bilen. Ta rutebåten Fjellvåken II til Mogen turisthytte. Det er frå 1 til 4 kilometer å gå frå båten til Mogen, avhengig av vasstanden i Møsvatn. Kvennavegen starter på Mogen. Rutetider: www.visitrauland.com