Giljafjell - praktfull utsikt mot Ålvikfjella

Publisert av: Kvam Turlag

Giljafjell - praktfull utsikt mot Ålvikfjella

Giljafjell ligg som ein del av fjella som demmer opp Bjølsegrøvatnet i Ålvik, byr derfor både på flott utsikt mot fjorden og innover mot dei ville, flotte fjella nord for Ålvik.

Turen startar frå parkeringsplassen øvst i "Damvegen" i Ålvik. Herfrå fylgjer ein raudmerka sti innover forbi Vikedalsnebbet, og vidare langs merking ned i markert elvegjel og oppatt på motsett side. Her er stidele, og merkinga går både i retning Dammen og i retning Synken/Toppen.

Ved nokre gamle murar ikkje lenge etter kjem du til nytt stidele, der stien/merkinga til Toppen (av trallebanen) går til høgre, medan stien/merking til hytteområdet ved Synken held mot venstre - her skal du halde venstre og følge blå-merkinga som seinare går over til små vardar.

Når du nermar deg toppen av Giljafjell må du ta av frå stien og finna vegen på eigahand. Toppen er markert med nokre mindre vardar.

Det er mogleg å gå dette som ein rundtur og fylje raudmerking nedatt i retning Toppen og følge den stien tilbake.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Fv7 i Vikedal, omlag ein km frå Ålvik i retning Øystese tek du av på god bomveg, Damvegen, som tek deg nokre hundre høgdemeter oppover i retning Hedler. Parkering i enden av vegen.

Adkomst med offentlig transport

Buss (Hardangerlinja) til VIkedal, herfrå må du gå opp skogsvegen.