Tolahella - stølstur frå Neteland

Publisert av: Kvam Turlag

Tolahella - stølstur frå Neteland

Frå Neteland fylgjer du skogsbilveg som tek av like før den store raude fellesfjøsen på Netaland og går oppover lia. I vegkryss tek du til venstre og går relativt flatt innover til Tolohella.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Fv7 i Steinsdalen tek du av mot Dalen Lid Jarnindustri. Her er det vanlegvis godt med parkering, men eit lite stykke å gå til Neteland, der det ikkje er så mykje parkeringsplassar.