Lett tilgjengeleg fiskevatn. Parker på Brekka innst i Hjelmelandsdalen (vegen hit er kun open for bilkøyring sommarstid). Følg merka sti mot Svartevatnet, men gå mot venstre over myra ved vatnet og følg blåmerka sti. I våte periodar er det veldig vått over myra her. Stien går vidare oppover på vestsida av elva som renn frå Grimeskarvatnet. Her er det eit parti der stien ligg heilt på kanten ned mot elva, så ver obs og gå i lag med ungane. Ta gjerne med fiskestang, for her er mykje småfisk som det fritt kan fiskast etter.