Brottefonn - utsikt over Bjølsegrøvatnet

Publisert av: Kvam Turlag

Brottefonn - utsikt over Bjølsegrøvatnet

Frå parkeringsplassen ved gamle skulen på Fykse på asfaltert veg til snuplass på Bjørke følg skilta turveg mot bla Nyasete og Veten. Følg same rute som for turen til Nyasete. (Skilta traktorveg frå Bjørke til Nyasete) Frå Nyasete opp bak sela og til venstre/nordover før ein fylgjer tydeleg sti i nordaustleg retning langs ein skrent. Rundar over ryggen før du går nedatt til Stavdal.

Frå Stavdal fortset ein på sti opp til høgre for dalføret elva renn i, stien held seg i varierande høgde over dalen på høgre sida til litt over halvvegs før du ved vatn 864 byter side.

Retur same veg, alternativ retur om Syrdal og Sjusete for ein fin rundtur.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av frå Fv7 litt etter Fyksesund bru i retning Ålvik. Seinare ta til høgre på Bjørkevegen. Du får då skulen på høgre hand og parkerer på skuleplassen.

Adkomst med offentlig transport

Hardangerlinja til Steinstø, herfrå Steinstølia opp til Bjørke.