Kjel

Publisert av: Kvam Turlag

Kjel

Følg Mødalsvegen oppover til stølen Mødalen. Like før enden av vegen tek ein av på sti oppover Tjødnadalen. Eit stykke oppi deler stien seg mellom sti vidare innover dalen mot Såta og sti til Kjel til høgre. Posten ligg oppe på kanten slik at den er synleg nedefrå dalen.

Me anbefalar absolutt å fortsetje oppover til vatnet og gjerne heilt inn i Kjel.

I øvste enden av vatnet er det mogleg å ta seg opp på begge sider av Kjel for å returnere om Gråskorv eller via Fossdal.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering ved nedre parkeringsplass for skianlegget i Furedalen.Det enklaste er å gå 50 meter tilbake mot Norheimsund til Mødalsvegen.