På sykkel i Dovre - Blæstergrende rundt 

Publisert av: Dovre Kommune

På sykkel i Dovre - Blæstergrende rundt 

  • Område
  • Type
    Sykkeltur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    14,3 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Mai - okt

Om turen:

Turen går i vakkert kulturlandskap, med tradisjonsrike gardar i aktiv drift med produksjon av gras, mjølk og kjøt av sau eller storfe. Gardsdriften held også kulturlandskapet i hevd. Rundt sankthanstider og siste halvdel av august er det fôrhausting og travel aktivitet på jordene. Turen gir flott utsyn utover Gudbrandsdalen, både vestover mot Lesja og sørover til Dovre og Dovreskogen. Ein ser også fjellområda og nasjonalparkane som omkransar dalen mot Dovrefjell i nord, Reinheimen i vest og mot Dovre og Rondane nasjonalparkar i aust og sør.

Turbeskrivelse:

Turen Blæstergrende rundt er på ca 14 km og startar i Dombås. Følg vegen som er skilta til Blæstergrende, og som tar av fra E6 rett sør for butikken Bunnpris. Nedst i dei lange bakkane kryssar vegen brua over elva Lågen og Dombfossen. Dette er ein fin plass for ein stopp, men pass på mindre ungar, for elva er djup og har strid straum! Rett over brua følgjer du igjen skilt mot Blæstergrende og Brustugu. Her svingar vegen oppover i litt tung stigning. Blæstergrende er ei fin lita grend på toppen av bakkane, og utsikta til Dombås og fjella rundt er fantastisk! Namnet Blæstergrende minner om eldgamal aktivitet knytta til jernblæstring og utvinning av jern frå myrmalm. Vegen nordover frå Blæstergrende er ei lang, slak nedoverbakke heilt til krysset ved Brustugu. Her følgjer du skilting mot Jora og tar til høgre over brua over Lågen. Ved Brustugu renn Lågen roleg, og det er fint med ein rast. Vidare fram mot Joramo og vegkrysset med E 136 er det småbakkar og jamn, men ikkje bratt stigning. Ved E136 krysser du vegen forsiktig og sykler videre på gang- og sykkelvegen på brua over elva Jora og så vidare inn mot Dombås. Rett ved brua ligg gamle Jora mølle, der det frå gamalt var ein viktig liten industristad med mølle og elvekraftverk. Lenger opp i Jora kryssar Raumbana over gamle Jora bru, bygd ferdig i 1919. Dette er den nest lengste steinkvelvbrua i Noreg etter Orkla bru på Dovrebana. Rett før Dombås passerer ein Heimevernskolen, eit kurs og kompetansesenter for Heimevernet med stor øvingsaktivitet heile året. Denne turen kan også syklast motsatt veg. Aktive syklistar brukar under 1 time på runda, mosjonistar 1,5-2 timar. Ta deg gjerne meir tid!

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Dombås ligger ved E6 mellom Oslo og Trondheim. Turen startar i Dombås sentrum. Det er godt med parkeringsplassar på Dombås.

Adkomst med offentlig transport

Du kommer til Dombås med tog (Dovrebanen).