Frå parkeringsplassen i Standalsmarka går du mot Strupen oppover Råkadalen. Du går på grusveg til du har passert beiteteigane i marka. Her fortset du innover i stort sett flatt terreng med Stølselva på nordsida. Når stien møter Stølselva går du litt søraust mot Gamlestølen der det berre er stølsmurane att.
Der ifrå er det flatt terreng med litt stigning i omlag 500 m til du kjem til ein liten bakke. Etter den er det jamn slakk stigning innover til Standalsstølen, ein kvitmalt støl som blant kjentfolk vert kalla Eliasstølen. Her kan du gå ned bakken mot Stølselva og følgje stien til høgre for Stølselva oppover Råkadalen på berg og ur til Stølsvatnet, eller du kan gå opp bakken, inn skaret og følgje ryggen innover til Stølsvatnet.
Ved Stølsvatnet går stien på nordsida av vatnet og ved enden av vatnet går stien på nordsida av elva mot Svartevatnet. Der går du opp ein liten bakke og følgjer stien vestover Storenipa til endes. Her ifrå går du bratt ned mellom Storenipa og Litlenipa, kryssar Stølselva og innatt på stien du gjekk opp frå parkeringsplassen.
Sporet er gått 9. april 2025 med ein avstikkar ned til Simavatnet og opp att. Ved Simavatnet ligg gjetarhytta Simastova som er eigd av Standal beitelag.
God tur!
Turane våre startar frå parkeringsplassen i Øvre Standal, ta av frå Fv 611 mot Øvre Standal og køyr vegen til endes i Standalsmarka der det er merka parkeringsplass. Her finn du informasjonstavle.