Dette er ein flott og relativt kort tur der du passerer dei fine støylshusa på støylane i Svidalen. Etter støylane er det nokre bakkar att før du kjem opp til dei store steinane der Kyrkja ligg. Sporet er lagt slik at det vert ein rundtur via støylane og Kyrkja, og du får flott utsikt over Svidalen under runda.
Turen eignar seg spesielt godt som familietur sidan du går i terreng som er jamt stigande og relativt enkelt å gå i. Frå støylen og opp og ned til Kyrkja er det spor etter fjelltrimpost. Det er tidvis sti å gå på i relativt greit terreng.
Om du ikkje har lyst til å gå på skogsveg opp til støylane kan du følgje sporet som er laga for turen "Rundtur til Svidalsstøylane". Sjå vedlagt lenke.
AC Kapstad for IST.