Linghiller

Publisert av: Kvam Turlag

Linghiller

Frå Strandebarm.

Føl merka sti (raud rute) og T-merking oppover den skogkledde lia. Stien passerer eit utsiktpunkt med ein benk, før den held fram opp på eit høgdedrag, der ein får utsikt ut Hardangerfjorden, mot Tveitakvitingen og det alpine landsskapet i Kvinnherad. Her deler stien seg i raud rute (Vesoldo) og blå rute (Fadnastøl), men begge fører til Vesoldo. Følg raud rute eit lite stykke vidare til du kjem til sti som går til høgre. Følgjer du denne stien til skilt som det står Innstranda på, har du gått for langt. I staden skal du ta til høgre litt før dette skiltet v/ bjørk med eit kraftig raudt merke. Stien rundar ein stor stein og fører deg rett til Linghiller.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Fosse i Strandebarm, ta mot Haukås, deretter til høgre mot Tordalen opp Tordalsvegen, og vidare innover på bomveg til Byrkjenes. Her parkerer du, på parkeringsplass i enden av vegen.