Skår 

Publisert av: Kvam Turlag

Skår 

Kort, men bratt tur til stølen Skår (Skor på kartet) i Strandadalen. Stølen høyrer til garden Håbrekke. Vel framme ligg nokre små sel vakkert til med utsyn mot kyrkja på Bru og Hardangerfjorden. Turen er ca 3 km og 300 høgdemeter. Det står skilt der stien startar.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av frå fv 49 ved Bru i Strandebarm til Strandadalen. Hugs å betale bompengar, om du ikkje parkerer ved skyttarhuset og går eller syklar inn dalen. Eit godt stykke inn i dalen (2,5 km) kan du parkera der vegen kryssar elva på bru mot venstre. Der står skilt til stølen Skår.