Steindalen til Fagernipa 685 moh

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    5,9 km
    2 timer, 30 minutter
  • Sesong
    Mai - okt

Fagernipa 685 moh.

Start ca.100 meter forbi Øyrabrua mellom Svardal og Steindalen. Parker der. Gå skogsvegen til høgre (ved bom). Følg vegen ca.1 km sørover til du kjem til snuplass/velteplass ved Åmotsstøylen, gå over elva her og følg traktorvegen vestover.

Ser ein utover i dalen ser ein Berrskolten heilt bakerst til venstre, her har ein hovedretninga .

Kryss Daleelva som renn inn dalane fleire ganger og følg traktorvegen så langt som den går - Boliasholten. Gå vestover over myra og fortsett på ryggen midt i dalen nord for Korsskaret mot Berrskolten. Følg vidare høgdedraget litt til høgre ut mot Fagernipa. Utsikt til ytre delar av Førdefjorden, mot Svanøy, Askrova og ellers mange av dei kjende fjella i området.

Sporet som ligg på kartet er frå fellestur vi hadde sommaren 2018, vi var på toppen 685 moh

Er elvane store er det ei gangbru ved snuplassen på Åmotsstøylen (litt vanskeleg å sjå)

Ein kan då gå vidare vestover på sørsida av elva og sleppe elvekryssingar, ein må ut av traktorvegen for det meste, og ut i terrenget. Når ein er komen ut om elvane føl ein ryggen mot Berrskolten.

Turen tilbaken kan du gå nordover til Dyttingvatnet og austover til Nonsnipa og ned til skogsvegen i Håsteinsdalen, om du vil gå ein rundtur.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Fv 541 til Svardal / Steindal til Øyrabrua. Her kan du parkere og gå austover på bilvegen ca 200 meter. Sving så til høgre inn på skogsbilvegen (bom)
Annonse

Publisert av

Flora Turlag