Tettaneset (Fyret)

Legg til huskeliste
Annonse

Stanghelle idrettslag har merka opp ti turløyper i fjellområda rundt Stanghelle for å gje bygdefolket gode turtilbod i nærområdet. På kvart turmål er det ei bok der ein kan registrera seg, og kvar 17. mai vert det trekt ut premiar til deltakarane.

Dette er ein flott kort ettermiddagstur. Turen går til fyret på Tettaneset som ligg som ei tunge ut i Veafjorden. Turen startar ved Agnavikjæ friområde, og går i lett terreng utover langs fjorden, ein flott familietur! Turen endar ved svaberga ytterst på Tettaneset, og med litt leiting finn ein kanskje spora etter vikinggravene her ute.

Kan óg fint kombinerast med ein rundtur rundt Åsen.

Adkomst med egen bil

Parkering på vestsida av Vågen bru.

Adkomst med kollektivtransport

Buss til Stanghelle sør. Tog til Stanghelle stasjon.
Annonse