Rundtur til Sætelistøylen, Langedalsstøylen og Sætanestøylen.
Frå parkeringsplassen ovanfor riksvegen mellom Langedal og Sæteli går du traktorvegen oppover. I krysset ca 800 m oppe i dalen tek du til høgre og fortset denne traktorvegen til endes. Etter at du tek av frå traktorvegen tek du til høgre i første stidele, ved Litlevatnet.
Du følger stien innover/austover mot Litlevatnet og Litlevatnhytta. Dette er den nye støylen til Sætelia, men Sætelistøylen ligg lenger mot aust. Fortset forbi Litlevatnhytta og ned til Litlevasselva. Gå over Litlevasselva ved vadeplass eller på bru omlag 100 meter nedanfor vadeplassen og gå på nordsida av Strupen.
Gå langs Strupeelva opp til Sætelistøylen. Oppe på høgda følger du dalen innover til støylen. Frå Sætelistøylen går du tilbake og når du kjem til der du går nedatt bakken ved Strupeelva tar du vestover mot Langedalsstøylen.
Det går eit tråkk utover/vestover til Langedalsstøylen, følg denne legda. Etter ei stund ser du Langedalsstøylen.
Frå Langedalsstøylen går du nedover/sørover til Sætanestøylen. Kryss over myra og du vil finne eit tråkk mot støylen i skogen. Ned frå Sætanestøylen går du mot Litlevatnet. Her kjem du inn på stien du gjekk opp og følger denne ned att til parkeringsplassen.
God tur!