Natur- og kultursti Hageseter - Hjerkinn, Dovrefjell

Publisert av: Dovre Kommune

Natur- og kultursti Hageseter - Hjerkinn, Dovrefjell

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    9,6 km
    3 timer
    En vei
  • Sesong
    Jun - okt

Turbeskrivelse

Turen kan starte frå Hjerkinn fjellstue eller frå Gautåsætre/Hageseter th. Ein kan følgje pilegrimsleden forbi Vesle-Hjerkinn til Hjerkinn fjellstue og Nasjonalparkvegen attende. Heile runda er merka og skilta med hhv. pilegrimslogoen og merkinga for tur- og sykkelvegen.

Om turen

Vesle-Hjerkinn var ein fjellgard som gav ly til ferdafolk og fangstfolk frå 900-talet og fram til svartedauden i 1349. Det er gjort arkeologiske utgravingar på staden som fortel mykje om livet på garden. Her møttest fangstfolk, pilegrimar og andre reisande over Dovrefjell der underhaldninga ma. var forteljingar og myter. Vi kjenner framleis mange av historiene gjennom saga, eventyr og teater. På Vesle-Hjerkinn er det tufter etter seks hus. Det største var 10 x 20 meter og hadde tre eldstader. Ei tuft er rekonstruert og delvis bygd opp att med golv, eldstader og nedre del av ytterveggane.

På turen er det fleire informasjonspunkt der du kan få meir kunnskap om Vesle-Hjerkinn, ferdsel i fjellet, plantelivet på Dovrefjell, pilegrimsleden og is og vatn som formar fjellet.

NB! Det rydda området rundt tuftene på Vesle-Hjerkinn er freda etter kulturminnelova. Bålbrenning, fjerning/flytting av steinar eller andre inngrep innanfor området må ikkje skje.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen er skilta både frå Gautåsætre/Hageseter og Hjerkinn Fjellstue som er gode startpunkt for turen. Gautåsætre/Hageseter th. ligg i enden av ein seterveg som tar av frå E6 29 km nord/aust for Dombås og 4 km sør for Hjerkinn. Hjerkinn fjellstue ligg ca. 1,5 km frå Hjerkinnkrysset/E6 langs FV29 mot Folldalen.