Grov Uførefjellet 

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    3,1 km
    1 time, 30 minutter
  • Sesong
    Hele året

Uførefjellet har navnet sitt frå den fråflytta garden Uføre som ligg ved Norddalsfjorden nordvest for Uførefjellet. Fjellet blir og kalt Sundafjellet og er ein langstrekt åsrygg som går aust-vest mellom dei to fjordane Eikefjorden på sørsida og Norddalsfjorden i nord. Den er skogvokst med furu øverst. På den bratte sørsida er det bjørkeskog i aust og varmekjær lauvskog i vest. På nordsida finst mykje bjørkeskog med innslag av furu og granplanting.

Turen starter ved trafostasjonen og du går på sørsida. Det er skilt som viser starten på turen. Stien er rimeleg tydelig. Du føl ryggen vestover og ser ned på Helgøya, Leversundet og over til Fjellvik. Følg stien vestover og gjennom skogen. Høgste toppen på Uførefjellet er 310 moh. Denne går du over og vidare utover til du kjem til utkikkspunktet. Her får du utsikt vest i havet mot byen Florø og øyane utafor.

På ein trestamme heng turbokkassa.

Sporet er gått 09 07 2020.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av frå Rv 5 til Fv 614 mot Bremanger/Svelgen og parker ved trafostasjonen på Grov på venstre side av vegen.
Annonse

Publisert av

Flora Turlag