Ortnevik - Sylvarnes: Vandring langs veglause strender

Publisert av: Høyanger kommune

Turen tek 4-6 timar.

Turen går frå krysset ved Ortnevik grendahus, her følgjer ein vegen austover langs fjorden i ca. 400 meter til ein traktorveg og vidare til stien ut i terrenget. Etter omtrent ein times gange kjem ein til første bruket, Kroksnes, og ein halvtime etter, Nybø. Begge desse bruka ligg i Høyanger kommune, kommunegrensa til Vik går ved Nybø.

Omtrent ein halvtime seinare kjem ein til Alræk med tre nedlagde gardsbruk på 118 moh. Vidare går ferda til Vetlesand som har sommardrift med frukt- og bærproduksjon. Garden ligg nede mot sjøen med eiga kai som hurtigbåten går innom. Stien går så gjennom skog og over elvene Gila og Skredbakka før ein kjem til Stavedalen med nedlagde bruk. Frå Indrebø går stien opp til Hanekam med to nedlagde gardsbruk på 142 moh. Herifrå er det fin skogsveg å vandre på til Sylvarnes.

Stien er fin og godt merka heile vegen. Det er bygd bruer og lagt ut tau på utfordrande stader.

Turlaga i området arrangerer fellestur på våren.

Om ein er interessert i bruka ein passerer på turen finn ein meir informasjon i boka «Langs veglause strender»

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Hurtigbåt frå Nordeide til Ortnevik. Her er det avgrensa bilkapasitet, så bestill plass. Frå Oppedal ferjekai, køyr austover mot Ortnevik, ca. 56 km. Parkering enten ved ferjekaien på Ortnevik eller køyr ca. 600 meter mot Ortnevik kyrkje og parker nedanfor kyrkja. Hurtigbåten stoppar ved nokre kaier langs turruta dersom dette er bestilt på førehand. Hugs difor å bestille plass ombord dersom ein ikkje ønskjer å gå same turen i retur.

Adkomst med offentlig transport

Hurtigbåt frå Nordeide til Ortnevik. Om ein ønsker retur frå Sylvarnes eller andre stopp må dette bestillast på førehand.