Seljevollen - Seljevollfjellet

Publisert av: Indre Sunnfjord Turlag

Seljevollen - Seljevollfjellet

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    3,0 km
    1 time, 30 minutter
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Turen til Seljevollfjellet er ein grei og overkommeleg tur i lettgått skog- og fjellterreng heilt vest i noverande Naustdal kommune. Frå den tilrettelagte parkeringsplassen nedanfor Seljevollen går du opp gjennom tunet og rundt på baksida av driftsbygningen. Stien går gjennom grinda inn i hestehagen og på skrå ned mot ei steinbru over Litleelva. Derfrå går du vestover opp og langs kraftlina til denne vender nordover. Der tek stien av opp mot ein rygg og vidare mot Hesten. Over skoggrensa får du eit vidt utsyn over fjellpartia på sørsida av Førdefjorden og øyrike utover mot Flora. Stien er lett å følgje og merka med raudt. På vegen passerer du Torvhytta, Torvmyra og Bjønnahåjen. Ved Seljevollstølen er det turkasse og berre ein kort stigning opp til sjølve toppen av Seljevollfjellet. Bortanfor ligg Spenehaugsvatnet der ein kan bade om sommaren. Retur same vegen som opp. Turen er omtalt i boka "Opptur Indre Sunnfjord" av Eide og Loftesnes, Selja forlag 2018.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Med bil køyrer du omlag 30 km vestover på fv611 frå Naustdal. Ved Apneset tek du av til høgre ved skilting til Seljevoll. Det er skilta parkeringsplass på høgre side nokre meter etter avkøyring til eigedomen Seljevollen.

Indre Sunnfjord Turlag