Oksen frå Djønno

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

OKSEN

Høgdemeter over havet: omlag 1241 m

Lengde: ca 8 km ein veg

Tid: 3 - 4 timer ein veg.

Gradering: Dette er ein tung tur.

Vegskildring: Turen går frå Djønno: Køyr riksveg 13 gjennom Vallaviktunnelen og ta av til høgre mot Djønno og Tjoflot rett etter tunnelen. Følg vegen heilt til endes av bygda ved ein stor snuplass på venstre side. Her går det ein skogsveg på høgre side av snuplassen. Følg denne og du går no i Hetledalen.

Du følgjer skogsvegen til endes ca 2 km. Det er skilta til Oksen undervegs. Der skogsvegen flatar ut vil det stå skilt til Oksen, men også motsatt veg til Ingebjørgnuten. Ved Storesvingen finn du ei skiltavle. Vidare i skogsvegen kjem du til eit nytt kryss der vegen til høgre går til Fodnastøl, og vegen til Oksen går til venstre. Ved enden av skogsvegen Balhaug, her står også skilt tar du inn på ein sti opp til venstre. Etter kvart møter stien eit lite kryss der du kan gå rett fram / lett venstre til Oksastølane, mens stien til Oksen går rett høgre og oppover. Her heiter det Fjellkleiv. Skilt med 3,5 km igjen. Stien følgjer du vidare oppover og forbi Moltemyrane på høgre side og vidare rett oppunder Gadlsbrekko. Her skal du opp. Det er bratt og berre ein veg du kan gå. Følg stien. Ved toppen av denne brekko går stien utover mot venstre igjen og mot Larsbu og Oksatjørnet. Stien går på venstre side av tjørnet heile vegen til ein begynner på siste fjellpartiet mot Oksen. Her er det varda og merka og lett å gå vidare. Det kan vera nokre snøfenner også sommarstid, men stien er likevel enkel å følgje. Frå Larsbu/ Oksatjørnet tar det omlag 45 min – 1 time, og er ca 2 km å gå heilt til topps. Dette er den siste brekka før du kjem opp på snaufjellet og går siste stykket til topps. Turkassa heng på Varden og turboka ligg oppi. Du kan og gå heilt fram til Veten, den gamle hovudvarden for Indre Hardanger

Turtips 1: Gå raudmerka løype ned mot Hamre. Då kan du gå du via Seljenuten som har ei fantastisk utsikt ut fjorden.

Turtips 2: Gå raudmerka løype ned til Granvin via Bjørndalen. Då kjem du ned i byggjefeltet på Røynstrand i Granvin. Kjempeflott tur !

Turtips 3: Gå raudmerka løype ned mot Stokksel. Då kan du og gå via Ingebjørgnuten ( raudmerka). Du kjem ned via Nonfjellhytta og ned til parkeringa på Stokksel. Utruleg flott tur!

Turtips 4: Gå raudmerka løype ned Fremsdalsbotn og ned til Selstad. Då kjem du ned på Hamrevegen, og det er omlag 3 km inn til Granvin på grusveg. Ein veldig flott tur!

Turtips 5: Gå raudmerka løype ned til Tjoflotstølen/Vindhovden og vidare ned til Tjoflot. Ein veldig flott tur !

Turtips 6: Gå til Ingebjørgnuten 1210 moh frå Oksen på raudmerka sti. (Sjå eigne turskildringar for desse turane på www.granvin-turlag.no

GOD TUR!

Granvin Turlag

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Vegskildring: Turen går frå Djønno: Køyr riksveg 13 gjennom Vallaviktunnelen og ta av til høgre mot Djønno og Tjoflot rett etter tunnelen. Følg vegen heilt til endes av bygda ved ein stor snuplass på venstre side. Her går det ein skogsveg på høgre side av snuplassen. Følg denne og du går no i Hetledalen.
Annonse