Humlestøylen Endestadnipa - skitur

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Skitur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    5,4 km
    3 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Jan - mar

Skitur til Endestadnipa. Start turen ved å følgje skiløypa på nordsida av vegen. Etter nokre hundre meter er det ein skarp sving. Gå ut av løypa og kryss elva over brua. Fortsett opp lia vestover og ha fjellryggen på høgre side. Gå forbi Ørneklumpen mot Kyratjørna. Når du kjem opp på høgda renn du nordover ned i dalsøkket mot Langevatnet. Langevatnet ligg på 540 moh. Rett før du kjem ned på vatnet dreier du nordvestover og følgjer skråninga mot vestenden av Langevatn. Så går du opp bakken på nordsida av elva, retning vestover. Når du kjem opp søkket kan du sjå Endestadnipa i nordvest. Fortsett framover den første flata og følg skråninga opp mot eit høgdedrag. Oppe på høgda dreier du nordover mot kraftlinja. Rett etter at du har passert linja dreier du vestover i forkant av fjellskråninga. Fortsett oppover til du kjem opp på høgda. Her går du mot nord og vil i løpet av kort tid sjå varden på Endestadnipa. Frå toppen kan du gå litt vestover til eit utsiktspunkt ned mot Eikefjord, Løkkebø og Eimhjellevatnet. Det er også ei flott utsikt til fjelltoppar som Børa, Gjegnen og Blegja. Dersom du ikkje vil ta same veg ned att til Humlestøylen kan du ta returen til Ramsdalsheia. Når du kjem ned til Langevatnet(sjekk om vatnet er trygt) går du over dette rett østover på langs. I motsett ende ligg det nokre hytter og eit naust. Gå ikkje rett opp lia bak hyttene, men i eit søkk på sørsida av høgdedraget sør for Alnakken. Når du har gått gjennom søkket går du nordaust og opp på høgdedraget. Vidare austover på sørsida av Alnakken mot Tuftetjønna. Sving så sørover mot sendaren, masta på Ramsdalsheia, til du er nesten over tunellen. For å komme ned på parkeringsplassen må du gå vestover eit stykkje før du svingar austover igjen. Frå Tuftetjønna er det same rute som frå Smylmedalsegga/Blånipa. Vel nede på bilvegen følgjer du denne nedover til Humlestøylen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Skianlegget på Humlestøylen. Ta av frå Rv 5 på Svarthumle mot Humlestøylen
Annonse