Sethaugen (Turbotrim 2019)

Publisert av: Barnas Turlag Eid
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    1,7 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Mar - okt

Når ein kjøyrer mot Remmedalen kjem det ein grusvei til venstre eit lite stykke etter boligfeltet. Når ein kjem inn på grusveien er det skilt om at det er privat veg, og første Turbotrim merke henger her. Parker godt ut i sida så det er mulig for andre og passere og snu.

Følg grusvegen til fots til vegen deler seg og går over til traktorveg opp til høgre, her heng andre Turbotrimkort for å markere.

Følg denne vegen vestover, den vil svinge mot høgre når ein nesten er oppe, der heng siste merket. Du er på Sethaugen når naturen opna seg og du ser ei rås som går til høgre ut av vegen, fortsette ein vidare kjem ein til Myrold sætra, postkassa er inni eit trekanta "hus".

Ein fin tur som tar ca 1 time for dei minste å gå.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

På riksveg 15 tek ein av mot Remmedalen når ein kjem til Stårheim.