Røyrvikfjellet - Venevassegga

Publisert av: Indre Sunnfjord Turlag

Røyrvikfjellet - Venevassegga

Stien til Venevassegga startar ved gamle Røyrvikfjellet turiststasjon på den nasjonale turistvegen rv13 mellom Holsen og Haukedalen. Ruta er litt bratt og kronglete heilt i starten, men så snart du er oppe på ryggen er det lett og ope terreng å gå i.Pass på å halde til venstre og gå nede i dalsida ved stiskillet der ruta til Hetlegga og Varddalsegga tek opp til høgre. Deretter går du opp Jakobsskardet og følgjer ryggen sørover mot toppen og varden. Det er tydeleg sti og godt merka heile vegen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av frå E39 ved Moskog mot Gaularfjell og Balestrand. Parkering 100 meter før gamle Røyrvikfjellet turiststasjon, som ligg 15 km frå Moskog/E39.

Indre Sunnfjord Turlag