Tindefjellet - rundtur frå Svidalen til Vassenden 

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

Tindefjellet er ved sidan av Middagsfjellet ein fjellklassikar å gå opp på for folk på Vassenden. Fjellet byr på flott utsikt i koseleg turterreng! Turstart på dette sporet er i Svidalen. Her får du jamnast og beste oppstiging på baksida av fjellet, som også byr på ekte fjelloppleving. Turen startar på skogsveg opp frå Svidalen mot Simastøylen og Svidalsstøylane. Mange av støylshusa på Svidalsstøylane er godt haldne ved like, og gir ei flott råme på starten av turen mot toppen.

Frå støylane går du i kupert og flott fjellterreng opp mot ryggen der du kjem inn på stien som kjem frå Vassenden/Årseth. Oppstiginga langs heile ryggen gir deg flott utsikt i vest og mot Jølster Skisenter. På toppen ventar ein flott og majestetisk varde, samt ei formidabel utsikt i aust over Jølstravatnet og innover fjella mot Jostedalsbreen. Turen ned att følgjer same sti som opp langs ryggen. Vidare går stien (og sporet) nedover mot Årseth og Vassenden, og følgjer same ruta som Gravsfjellet (sjå lenke). Svært flott utsikt over Vassenden og Jølstravatnet på veg ned denne ruta, som er noko brattare og kortare enn oppstiginga.

Turen er skildra som ein rundtur frå Svidalen til Vassenden (ca 10 km). Du kan sjølvsagt velge å starte i Svidalen, eller Vassenden, og returnere attende til same stad. Denne rundtturen går i ganske tørt og fint terreng på god sti heile vegen. Det er noko våt myr i terrenget rett etter skogsveg, og innover til støylane. Turen tek i snitt 4-5 timar. Turen er i terreng som eignar seg godt for løp.

Om du ønsker det kan du gå på Tindefjellet på same sti opp om til Gravsfjellet. I skaret mellom Gravsfjellet og Tindefjellet står det ei lita hytte. Omlag ved denne kryssar stiane kvarandre. Turen til Tindefjellet er i vedlagt lenke skildra som rundtur frå Svidalen til Vassenden. Returen frå denne skildringa er same veg som du går opp til både Gravsfjellet og Tindefjellet dersom du har turstart på Vassenden.

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av E39 på ein av avkøyringane til Svidalen.
Annonse