Hest - Fin rusletur for alle

Publisert av: Haugesund Turistforening 
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    2,3 km
    2 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Hele året

Fjellet Hest ligg i Nedstrand, nærare bestemt mellom Espevik og Liarvåg. Når me kjem til Espevik er toppen godt synleg fra vegen, som den som ligg lengst i sør.

Varden er 352 moh. og ligg lengst i sør på fjellryggen som strekkjer seg fra Nedstrandsvegen til Liarvåg. Sjølve fjellryggen er ei lyngkledd låghei der krattskogen kryp stadig oppover. Sjølve tregrensa ligg om lag 50 meter lågare. Hest har i alle år vore eit ynda turmål for store og små, der den tronar over Herviksfjorden, på trass av si beskjedne høgd. Når me kjem opp til toppen openberrar det seg ei fantastisk utsikt over Ryfylkebassenget og Haugalandet. Utsikta er like utruleg ein solrik søndag om sommaren. Som om kvelden når sola går ned i havet vest av Utsira. Flott er det og når havskodda ligg tjukk over Haugalandet, og nabotoppane ser ut som møkkahaugar utkjørt på snøen.

Enklaste måte å komme til Hest på, er at me følgjer rv 515 fra Skjoldastraumen mot Nedstrand. Når me kjem til Espevik tar me til høgre mot Liarvåg. Følgjer så fylkesvegen ca.1 mil til Topnes. Der står det eit lite treskilt på veggen av ei raud løe som står heilt i vegkanten. Følgjer så den nye kommunale vegen dei siste par hundre metrane opp til parkeringsplass. Her startar den delvis merka (treskilt i stideler) stien opp til toppen. Første delen har svak stigning, og følgjer ein gammal hesteveg. Når me kjem til eit granfelt må me passa på å svinga til venstre, og her startar sjølve stigninga opp lia. Stien her er god å gå, og lett å følgja. Når me har komme opp til bjørkeskogen, er me faktisk ferdig med stigninga, og stien flatar ut innover lyngheia til me er framme ved varden. Dersom me vil ha meir utfordring, er det og muleg. Den kortaste, men og brattaste ruta går frå Ytre Amdal. Her følgjer me traktorvegen opp lia til den flatar ut. Så er det å svinga til høgre, og klyve rett opp lia til me har passert eit steingjerde. Her svingar me mot venstre og følgjer ein sti som går på ei fjellhylle til heia opnar seg opp. Frå Borgenvik er det og eit bra alternativ. Her og startar me med ein traktorveg som går opp lia. Når den sluttar, er det berre å fortsette oppover til me er på snauheia. Heri frå går me sørover langs ryggen til me er på varden. Dersom me legg turen om Smørdal er det blitt ein langtur. Her må me ta oss opp lia til Hellebrekkene. Heri frå følgjer me så ryggen sørvestover til Hest. Terrenget her er nokså kupert og det er ein del vegetasjon som skjuler den gamle stien. Hest er eit flott turalternativ for alle, men er ekstra godt eigna turmål for dei som ønskjer seg ei fjelloppleving utan å slita så mykje. Det kan vera eit lurt tips å la «junior» få si første fjellvandring her.

Kjøretid fra Haugesund: 45 min.

Parkering:Parkeringsplass på Topnes, elles langs vegen.

Tid: Ca. 1 time fra Topnes

Merking/skilting: Skiltet, men ikke merket tursti.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av riksveg 515 ved Espevikved skilt til Liarvåg. På Topnes finner du et litetreskilt medpåskriften ”Hest” festet på veggenav løe på nordsidaav vegen. Her tar du av og kjøreroppover et parhundre meter.
Annonse