Rundtur til Vormeli med start på Skogadalsbøen

Publisert av privatperson

Rundtur til Vormeli med start på Skogadalsbøen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    10,7 km
    5 timer
    En vei
  • Sesong
    Jun - sep
Middels vanskeleg tur i frodige omgivelsar til den gamle stølen Vormeli i Utladalen. Frå Skogadalsbøen føljer ein skilt mot Vetti og Ingjerbu. Når ein kryssar brua over Uradøla går stien til høgre, denne kan være vanskeleg å sjå, særleg på seinsommaren. Stien går så ganske bratt ned Bjørnestigen til elva Utla, dette området kan væra litt utfordrande. Frå botnen føljer ein Utla eit stykkje ut dalen før ein kjem til ei bru. Etter brua går stien til høgre og er lett å følja fram til Vormeli. Frå Vormeli går stien vidare opp dalen i lett terreng. Når ein treff på stien frå Keisaren tek ein til høgre og føljer skilt tilbake til Skogadalsbøen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Skogadalsbøen ligg cirka 5 timar frå bilveg ved Sognefjellshytta. Løypa er DNT-merka.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.