Grøssete (840 moh)

Publisert av: Sogndal Turlag
1,8 km ein veg, 440 høgdemeter
Turen startar ved Kvamshagen (parkeringsplass). Stien går på vestsida av elva/fossen, nokså bratt til ein er komben forbi fossen. Herifrå på god sti fram til siste bakken som er litt bratt. Grøssete er ein støl med nokre stølshus og hytter. Det røde stølshuset er Sogndal Turlag si hytte. Hugs DNT standardnøkkel dersom du vil inn i hytta. Hytta er ubetent og har 5 sengeplassar.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Rv 5 i Sogndalsdalen tek ein av ved Hodlekve og køyrer ca 5 km nordover langs Dalavatnet til parkeringsplassen i Kvamshagen.