HELLENE–TRYGLABOTN–GOMMASKARDET–UNGDOMSHERBERGET  

Publisert av: Mjølfjell Vel
Annonse

Om turen

Stien går gjennom flott gammal furuskog mot Mjølbotn. Frå Mjølbotn er det fint høgfjellsterreng over mot Tryglabotn. Gå mot aust langs med den gamle buføringsvegen over Gommaskardet og ned mot dei idylliske stølane i Slondalen.

Høgdeforskjell 620–1240–660 moh

Ruteforklaring

Stien er tydeleg heile vegen sørover til Mjølbotnsetrane. Vidare mot sør må du krysse elva der den gjer ei sving. Du fortset på den gamle buføringsvegen over til Fagerbotnen, og følgjer austsida av vatnet. Terrenget her er fint og lett å gå i. Stien går så over kanten ved steingjerde ned mot Tryglabotn. Gå stien mot aust (venstre). Bortanfor stidelet er nokre steinblokker som er fine å kvile ved. Du fortset over Gommaskardet kor det også er ein fin blokk med rom under, og vidare nordover ned mot Slondalen til der to elvar møtest. Sør for Slondalsvatnet kan du gå stien langs austsida av vatnet forbi dei idylliske stølane Bruåni og Slondalsetrane. Du kan og velge å gå langs vestsida av av vatnet. Ver merksam på steinsprang her. Begge stiene møter vegen ved nordenden av Slondalsvatnet

Naturforhold

Stien startar ved Velbrua over den krystallklare og flotte Kleivelva. Her er mest småfallen aure, men i dei store hølane kan det også stå ein og annan storaure. Første del av stien er prega av gammal og rik furuskog. Her finn du furutre i alle stadier, noko som er bra for det biologiske mangfaldet. Ein kan se stubbar som fortel oss at det tidlegare har vore plukkhogst. Her er også større myrar som saman med skogen gjev ei flott naturoppleving. Når ein nærmar seg 800 meter høgde går det meir over i dominans av bjørkeskog. Bjørka øvst er meir snøpåvirka, og er dermed meir krokete og bøygd. Forbi elva ved Mjølbotn går du i starten på ein morene og terrenget blir meir opent. Over fjellet er det pga. geologien rik høgfjellsvegetasjon heile vegen over mot Tryglabotn. Ved Tryglabotn møter ein blankslipt gneis der isen tok med seg mesteparten av lausmassane under istida. Frå Gommaskardet og ned mot Slondalen vert det meir grønt med ein del snøleievegetasjon i den øvre delen. Slondalen er frodig og lun. Det er ikkje utan grunn at stølane vart lagde her.

Kulturminne

Lov om kulturminner [kulturminneloven] - Lovdata

§ 3. Forbud mot inngrep i automatisk fredete kulturminner. Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje.

I Mjølbotn er der tufter etter fleire stølar. Ein av stølane er fortsatt i hevd. Ved kanten ned mot Tryglabotn er det eit steingjerde. Vidare ned «Knostebakk-kleivi» går du forbi ei fangstgrav for rein som er fyllt igjen før stien deler seg mellom Vesete og Slondalen.

R14 Mjølbotnsetrene

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/mjolbotnsetrene

Mjølbotnsetrene ligg ved enden av buføringsvegen frå Ulvik om Tryglabotnen og Fagerbotnen. Det er fortsatt synlege restar av vegen i stigninga søraust for setra. Mjølbotn er nemnt i diplom frå 1322 då den tilhøyrde garden Brekke i Raundalen. Den vart kjøpt frå Voss av Torblå i Ulvik, truleg i 1339-40, samstundes med Slondal og truleg Vesete. Det var åtte tufter (steinmurar) og ei hytte på setra i 2017. Det sto to sel (hus) her til utpå 1970-tallet.

*Knostebakk-kleivi

Buføringsvegen mellom Tryglabotnen og Fagerbotnen til Mjølbotnsetrene går i stigninga sør for Tryglabotnen. Øvst er eit steingjerde, litt nedanfor er det ein gjenfylt fangstgrav. Nederst er det eit parti kor det er murt nokre trinn, truleg for kyr og hest.

R7 Steingjerde i Knostebakk-kleivi

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/tryglabotn-steingjerde-i-knostebakk-kleiva

I overgangen frå Fagerbotnen, på kanten mot Tryglabotnen, er det eit lågt steingjerde. Gjerdet er orientert aust/vest og er kanskje 100 meter langt, men oppstykka frå vest med 12+8+10 meter lengder som stenger på slake parti mot Tryglabotnen i sør, og med opningar ut mot bratte parti. Det finns restar av staur og streng einskilde stader. Opphavleg kan gjerdet hatt funksjon i eit dyrestup til fangst av rein, men nyare gjerderester som streng og staur indikerer at det også vart brukt som beitegjerde.

R4 Fangstgrav i Knostebakk- kleivi

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/tryglabotn-fangstgrav-i-knostebakk-kleivi

Øvst i Knostebakk-kleivi, som er stigningen ein går opp frå Tryglabotnen nordover mot Fagerbotnen, ligg ein gjenfylt fangstgrav for rein. Utvendige mål er ca. 3x2,5 m nordnordaust/sørsørvest med rester av ledegjerder ca. 3 m mot nordaust, 4 m mot sørvest og 2 meter søraust.

R8 Gommaskard (3 lokaliteter)

Gommen og klyvjasteinar

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommen-loftestein

Gommen er ein kvit stein som ligg på leitet (stad med god utsikt) aust for Tryglabotnen ved den gamle buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk frå før Svartedauden. Her har ein Mjølfjellet i nord, Gommahaugen i søraust og Brattefonni mot Slondal i aust. Gommen måler ca. 40x40 cm og ligg på ein jordfast stein. Den har restar av gamal T-merking på fire sider. Ein gamal varde, også med rødmaling på, står éin meter aust for denne. Tidlegare var det vanleg å løfte av kløven (seletøy for rygglast) her, og leggje den over steinen for at hesten skulle få kvile. Det er mogleg at dei to jordfaste steinane vart brukt som klyvjasteinar som hesten kunne stå mellom når kløven skulle av eller på. Når unggutane klarte å løfte Gommen til brystet var dei sterke nok til å kløve heim ein primkløv (prim er eit osteprodukt) åleine, heitte det.

Gluggevarde

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommaskard-gluggevarde

Varden står på ein knaus nord for stien/buføringsvegen mellom Tryglabotnen og Slondal, ca. 13 m aust for ein stor steinblokk. Varden er ikkje synleg frå stien der Gommen står. Varden er bygd av bruddstein til eit rom med åpning mot nordaust, med ein låg helle på tvers av åpningen. I rommet fann ein eit rustent spadeblad i 1996.

Blokkheller

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommaskard-blokkheller

Blokka som er stor som eit hus, står på ein avsats/knaus nord for stien. Staden ligg ved buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk sidan middelalderen, før Svartedauden. Ein gluggevarde står ca. 13 meter mot aust. Blokka har ein stor rydda plass under framspringet på nordsida. Her er stein stabla til meir enn éin meter høgde. På vestsida ligg ein mindre, nedrast mur.

*R9 Baotaklypet

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/baotaklypet-buforingsveg-mjolfjell

Staden ligg på buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk sidan tidleg på 1300-talet. Staden vert kalla Baotaklypet fordi terrenget der stien går, smalnar av i ein båtfasong her. Her svingar vegen mot nord over nokre sva (bart fjellparti) kor det er bygd to rampar av stein for kyr og hest. Det er sprengt vekk fjell i berget kor den øvste (sørlegaste) står. Truleg er dette den yngste av rampane. Det er også litt oppmuring i svaet nokre meter mot nord.

Setrene ved Slondalsvatnet

R10 Bruåni seter (Brauaonæ)

Da stølen vart utskild frå Slondalen seter i 1816 var det stølshus her. Her stølte Viknes, Øydvin og Haaheim. Det var felles beiter for begge Slondalsstølane Bruåni og Slondal.

*R13 Slondalen seter Stølen er nemnt i eit pergament (brev) frå 1322. Den var i bruk då, men er truleg endå eldre. I 1340 kjøpte Sigurd på Haaheim i Ulvik ein halvpart av stølen. I 1723 tilhøyrde den Haaheim, Hjeltnes, Kvale, Rondestveit, Vattetveit og Viknes

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ingen parkeringsplass ved Hellene. Kan parkere ved Ungdomsherberget.

Adkomst med offentlig transport

Jernbane. Tog til Mjølfjell stasjon, Ljosanbotn eller Ørneberget,
Annonse