Villmarkstur fra Sandtjønn over Uvdalsvatnet til Gautefallheia

Publisert av: Havrefjell Turlag
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    22,6 km
    1 dag
    En vei
  • Sesong
    Mai - okt

Den som går heile løypa samanhengande i 23 kilometer vil oppleve mykje urørt natur, eit svært variert landskap og spanande kulturhistorie. Løypa er merka med vardar og raude T-merke, etter standard frå DNT.

Innkjøring fra riksveg 418 ved Vehus øst for Felle, følg skilt mot parkering ved Sandtjønn (2 km). Bomveg: betaling med kredittkort. Det er merka sti opp til branntårnet på Solhomfjell. Der kan du se til 4 fylker og omtrent 25 kommuner. Tårnet ligger midt inne i det store Solhomfjell Naturreservat. Naturen er vakker og preges av store områder med åpne fjell.

Ruta startar ved Sandtjønn under Havrefjell (vegavgift kr. 20). Her ligg Sandtjønnhytta, som er Statskog si utleigehytte. Første del går på veg langs Spjotvatn. Ta gjerne ein tur opp til den djupe Spjotvassklova, som ligg 100 meter frå løypa. Ved enden av bilvegen går du inn langs bekken frå Løytesdalen, som kryssast på stein, og så på sti oppover lia.

Vidare går vi inn ryggen, ned gjennom skogen og kryssar bekken frå Langvatn. Så på fjell med fleire småtjørner, før vi går ned ei fjellskorte. Her heiter det Fellsstigen. Stig er vanleg namn på ein stad der ein må stige opp ein bratt passasje. Vi kjem så ut på nye flater, før løypa går ned den skogkledde lia, og ut til der den gamle stien tar av mot Ormvasslia. Her kan vi sjå ei gamal steinoppbygging oppe på ein stor stein. Det går lett nedover lia, litt innom ein traktorveg, før vi kryssar to bekkar, og går opp dei gamle jordene til tomta i Uvdalen

Her nesten 400 meter over havet er det fruktbar jord og solrikt. Folk har truleg budd i Uvdalen sida før Svartedauden. Leiulv Knutsen kom hit frå øvre Telemark, og slo seg ned i Uvdalen i 1793. «No hev me kome ut til sjøskjeri», sa han. Han følte nok at Uvdalen var sentralt i forhold til det han var vand med.

Når Knut Uvdalen tok seg ein tur med fiskstonga, kunne Valborg straks ta fram steikepanna. Fisket i Uvdalen var godt. Garden var stor, med mykje beite og heislått. Likevel flytta dei herfrå i 1910.

Vi følgjer så traktorveg og kryssar bekken 5 gonger på stein, før vi er ute ved enden av skogbilvegen ved Uvdalsvatnet. Hit kan du kome med bil frå Valle i Gjerstad. 15 km køyring. (Vegavgift kr. 20).

Vi skal vidare og går på bru over bekken, og på god sti bort langs vatnet og opp gjennom frodig skog. Snart forbi kampestein, og fleirsjikta gamal skog som byrjar å få preg av urskog. På toppen blir det brattare opp fjellet til Kvenntjønnane.

Fleire stader er det lange grunnar som egner seg for små barn. Hugs solkrem, her er det høg innstråling frå sola.

Vidare blir dett lett å gå på opne berg, med fin utsikt over Kvenntjønnane, før vi går ned og kryssar bekken frå Uvdalstjønnane. Så er det oppover lia og inn til den siste stigninga opp til toppen av Mjeltenatten (594 m.o.h.).

Vi ser mengder av småtjørner som ligg over alt i dei blanke fjella. Nede ved Stolsvatn lyser den kvite sandstranda rett mot oss. Øvste toppen av Mjeltenatten er firkanta, og du vil alltid finne ly for vinden eit par meter under toppen.

Etterpå går vi ned fjellet, og fortsetter i småkuppert fjellterreng med mange småtjørner. Ein stad kryssar vi ein bekk med godt drikkevatn. Rett nordover kan vi sjå til den frodige og kalkrike lia i Stolsvassøygard. Der borte sprutar orkidear og villjordbær rett opp av det tynne jordsmonnet. Der låg ei seter, der ungjenta Hæge Kyrkjebø blei drepen av bjørn sommaren 1832. Ho kom brått innpå ein bamse som låg og åt på eit lam.

Vi kryssar bekken frå Hanetarmane på bru, og kjem fram til det gamle solhjulet frå bronsealder. Med stø hand er det gamle fruktbarheitsymbolet rissa inn det harde fjellet. Vil du ha ein ekstra tur, kan du gå nedover på nordsida av bekken til Stolvassøygard. Ta gjerne turen tidleg i juli, og opplev den rike floraen.

Vi fortsett først langs ein gamal sti oppover Stolvassberga, så ned i Jambokdalen. Her er det godt drikkevatn i bekken. Det blir bratt oppover lia, snart på blanke fjell, før vi på nytt kjem inn i frodig gamal skog ved Helleren under Stolsvassnuten.

I helleren under Stolsvassnuten er det gamle namnespikk. Det eldste frå 1909. Ver varsam med desse. Skriv gjerne namnet i turboka, som ligg i blikkboksen.

Etter å ha gått opp lia, er vi så oppe på det bratte stupet på Stolsvassnuten (633 m.o.h.). Utsikten er vid og dramatisk. Under oss ligg ei frodig ur med stein så store som hus. Rett i mot ligg Solhomfjell med branntårnet. Nærare ser du det slake dalføret, der bekkar og tjørner slynger seg i krokar nedover Hanetarmane, forbi Stolsvasslonene og endar i Stolsvatn. Kjem du om våren før lauvsprett, vil du tydeleg sjå furua i ura nedanfor stupet. Den veks friskt rett oppå ein kampestein. Ned frå Stolsvassnuten kjem vi på nytt ut på dei opne fjella, forbi Rjupetjønnane, og over ei hei.

Framme ved ei fin tjørn, kryssar vi utløpet der vatnet suslar på fjella ned mot Endlausdalen. Snart er vi inne i meir kuppert skogsterreng. Det er lett å gå på fjella ned til Reinsvatn, der bekken kryssast på bru i utløpet, før vi følgjer sti gjennom hyttefeltet, og langs bilveg ut til Fylkesvegen. Bilvegen inne i hyttefeltet er vanlegvis låst med bom. Det er likevel greitt å parkere ute ved Søppelbua ved Fylkesvegen.