Frå bygd til bygd med vakker utsikt

Publisert av: Sogn og Fjordane Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    13,1 km
    2 dager
  • Sesong
    Jun - okt
Markavatnet er regulert til kraftproduksjon, og stien går over ei demning når ein kjem til vatnet. Herifrå er det litt stigning, før det går over til eit parti med myr. Turlaget har lagt ut ein del plank over myra, slik at det no går an å komme tørrskodd over. Snart er det slutt på skogen, og utsikta vert finare di lenger opp kjem. På venstre sida ligg Krokavatnet, og litt lenger oppe den karakteristiske veggen som endar i Fossedalshengenipa. Frå skaret under nipa er det ein kort avstikkar bort på Hengenipeholten, som gir flott utsikt over fjell og hav. No er det meste av motbakkane unnagjort, og eit lett parti fører langs Langevatnet bort til Nipebu.

Nipebu. Hytta vart opna i 2001, og har straks 10-årsjubileum. Om ein ikkje vil overnatte er det fint å stikke innom for å fortære nista. Eller om vêret tillet det, kan det gjerast på terrassen. Her er det fint å sitje og sjå kjøa vake i vatnet, eller høyre lomen med sine spesielle skrik. Du kan nytte både kano og båt på vatnet og prøve fiskelykka. Hytta har overnattingsplass til 15 – 20 personar, og proviant er å få kjøpt.

Vakker utstikt. Frå Nipebu går stien i lett kupert terreng vestover, og etterkvart nedover mot Atlevatnet. Dette blir passert på nordsida, og i vestenden ved Sleipestøa kryssar den elva på ei av dei mange bruene som sankelaget har bygd i området. Så ber det ned i Vagstaddalen, og skogen tek over igjen før det opnar seg opp framme ved Trongane, og siste stykket ned til Rivedalsbyda går på vegen som er bygd opp til kraftverksdammen her.

Langs heile ruta ligg det mange toppar som lokkar, for den som vil opp i høgda. Her opnar det seg utsikt over den vakre Dalsfjorden, frå Blegja i aust, og ut mot Værlandet i vest.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

For å komme til Markavatnet tek ein av frå riksvegen mellom Førde og Askvoll, ved skiltet til Skjerlia. Like før vatnet står det eit skilt mot Nipebu, og her startar turen. Første delen går i lett terreng, til ein er kommen rundt vatnet. Stien er merkt med vardar og raude T-ar.
Annonse

Publisert av

Sogn og Fjordane Turlag