Løypene rundt Holmen gård i Gjerstad kommune

Publisert av: Aust-Agder Turistforening
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    12,2 km
    3 timer
    En vei
  • Sesong
    Mai - okt
Løypenettet frå Holmen Gård harutgongspunkt frå Holmen Gård, men ein kan òg starte frå til dømes Løiteskule i Åsbøgrenda. Her blir det omtala fire løyper, der dei tre første startar på Holmen Gård og den siste frå Løite skule.
Løypene er Libergknatten, Paviljongen, Melås og løypa
Løite skule-Myråsen-Landsverk-Åsbø. Løypene er merka
med lyseblå trebrikker og hovudløypa er òg merka med
skilt.

LIBERGKNATTEN:
(3 km. - 1 time)
Løypa startar frå Holmen Gård, og går på veg første
beten før den tek bratt opp heia mot Libergknatten med
utsyn over Trydal og Lunden. Vidare går løypa sørover i
skogslia, og kjem etter kvart inn på ein gamal traktorveg.
I botnen av bakkane deler vegen seg. Løypa vidare til
Paviljongen går rett fram, og til venstre tilbake til
Holmen. Me ser snart jordene i Monipen og følger jordkanten
rundt til me kjem inn på bilveg att ved
Trydalsbakken tilbake til Holmen Gård

PAVILJONGEN:
(6 km. - 2 timar)
Løypa startar frå Holmen Gård, og følger løypa til
Libergknatten til vegskiljet som er nemnt ovanfor. Vidare
på god sti i frodig lauvskog til Dalane, og vidare på veg til
Svarvaren. Sløyfa om Lokkollen anbefalast, med utsyn
mot Åsbøgrenda og nedover bygda. Her er det benk og
bålstad.
Frå Svarvaren går løypa på veg om Bråten og til
Paviljongen på Haugen. Vegen tilbake går om Åsbø, på
bilvegen 200 m ned Åsbøkleivane, så til venstre og ned dei
gamle Åsbøkleivene til Øygarden. Dei gamle Åsbøkleivene
var i bruk fram mot år 1900. Frå Øygarden går
løypa på bilveg om Trydal til Holmen Gård.
MELÅS:
(11 km. - 3-4 timar)
Løypa startar frå Holmen Gard, og følger løypa til
Paviljongen som omtala ovanfor. Løypa går vidare i kanten
av jordene, kryssar hovudvegen, gjennom Åsbøgrenda
med gardar, hus og jorde. No vandrar me gjennom den
lauvrike Skjellaugslia på vakker sti til Landsverk. Her må
ein utanom utsiktsstaden ved Landsverklinna og nyte
utsynet. Så følger løypa vegen ut til Bjellås, og ned den
bratte lia til Trevoll. Rundt Landsverk og Melås er det
mange gamle tre med hole stammar som er forma av tidligare
tids bruk, då lauv var viktig dyrefór. Kanskje står
det framleis almetre her der borken har blitt nytta til
brød! Vidare går vegen opp på Melåshøgdene i rikt kulturlandskap.
Her stoppar me og minnast Melåslinna som
i si tid var eit viktig navigasjonsmerke for skipstrafikken i
Skagerak! Me går bratt ned gjennom lia til Bråten og følger
vegen attende til Åsmundsstøl og Holmen Gård.
ÅSBØ – MYRÅSEN – LANDSVERK - ÅSBØ:
(5 km. - 1 1/2 time)
For denne løypa er det greitt å parkere ved Løite skule. Gå
bilvegen ut til Lia/Mæseldalen og over jordet i sør-austleg
retning. Sommarstid beitar kuer her, og det er elektrisk
gjerde som må kryssast to gonger. Løypa går opp ei bratt
lauvli, og svingar etter kvart austover. Her kjem du til ein
fin utsiktsplass, der du ser mot Mæsel og Vegårshei. Det
er bok til å skrive namnet i, og bålplass. Nå går det fort
opp mot toppen av Myråsen. Rett etter toppen må du ta
ein 100 m sideveg til høyre og sjå på utsikten. Her ser du
ei brei kystlinje, og store delar av Gjerstad. Gjerstadvatnet
ligg som ”ein hovli kvennebæk” som det står i visa om
Melåslinna. Så går løypa i skogsterreng til den treff traktorvegen
mellom Landsverk og Mæsel, populært kalla
Burmavegen. Snart er me på Landsverk, og svingar nordover
til venstre før me kjem ned til husa. Herifrå til Åsbø
følger me Holmen Gård løype til Melås tilbake til Åsbø,
før bilvegen tilbake til Løite skule.
MEIR OM:
PAVILJONGEN:
Skipsreiar Jens Marcussen kjøpte tre gardar i på
Løite/Haugen i 1916. Paviljongen blei bygd etter arkitekt
Erling Nielsens teikningar sommaren 1919. Den fine gråsteinstrappa
framføre huset er bygd av lokal stein og med
lokale handverkarar.
BURMAVEGEN:
Vegen går frå Landsverk til Holstøl nedanfor Mæsel og
blei bygd under 2. verdskrigen. På denne tida var det
mykje snakk om ein veg i Burma, -Burmavegen, som var
viktig for krigføringa i dette området. Karane som arbeidde
på vegen frå Landsverk byrja då å kalle denne vegen òg
for Burmavegen. Seinare har dette namnet festa seg og
blitt det vanlege namnet.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå E18 følger du Rv 418 mot Gjerstad. Etter om lag 13 km kjem du til Holmen Gård. Parkering her. Sjekk www.holmengard.no for opningstider og servering.
Annonse

Publisert av

Aust-Agder Turistforening