Tylderingen (1104 moh)

Publisert av: Sogndal Turlag
Annonse

Om turen

4,5 km ein veg, 700 høgdemeter.
Turen startar ved Hollekvebrua. Gå til Kleiv langs vegen (tidlegare parkeringsplass for turen). Stien slynger seg oppover i noko brattlende, til stølsvollen Stepin. Passèr stølane og ta av til høgre ved skilt merka Tylderingen. God sti nær elvefar. Frå Kleberg er stien varda sørover att i ope, slakt lende mot Tylderingen. Markeringa i kartet er gjort på skjønn, og ikkje etter GPS måling.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Rv 5 i Sogndalsdalen, ta av ved Hodlekve og parker rett etter Hollekve bru.
Annonse

Publisert av

Sogndal Turlag