Bjørnavatnet (Turbotrim2019)

Publisert av: Barnas Turlag Eid
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    0,6 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Apr - okt

Følg skogsveien oppover, ein må gå over ei elv, men der ligg steinar ein kan trakke på. Fortsett oppover på skogsveien, ein kjem til eit kryss når ein kjem ut av granskogen, hold til venstre og sjå etter turbotrim merke. ein kan fremdeles sjå at ein går på ein gammal skogsveg, men her er det etter kvart litt vokst igjen med bregner og småbusker. Ein ser tydeleg når skogsvegen ender, då kan ein sjå ei rås som går opp mot venstre, med ei stor furu, fortsett rett opp der, so flata det ut og ein følger råsa til Bjørnavatnet, rett før postkassa må ein gå over ei lita elv. Vaksne går turen på 20-30 min, so med barn reknar ein 1 time, ein veg. Kartet vise kun deler av ruta, men følge ein beskrivelsen er det let å finne fram.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Eid sentrum kjøyre ein E-39 til Volda om Stigedalen, når ein startar på nedstiginga til Bjørkedalen får de eit vatten på høgre side, i byrjinga på dette vatnet går det ein skogsveg opp til venstre, der er det plass til ca 2 bilar, der er mogleg for parkering litt før denne skogsvegen på høgre side om der er fullt.