Lårdalstigen

Publisert av: VandreTelemark-VisitDalen 
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Ekstra krevende
  • Lengde og varighet
    13,8 km
    7 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Mai - okt

Lårdalstigen er ein fantastisk tur med spektakulære utsynspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen.

Den inste delen av Telemarkskanalen er omkransa av bratte og ville fjell. Langs fjellbrynet frå Dalen til Lårdal, er det rydda ein turveg som byr på mange spektakulære og spennande opplevingar. Mykje av turen går framme på fjellkanten opp til 800 meter over Telemarkskanalen. Langs denne ruta er det også ein flott flora og geologien er helt spesiell. Her kan du helse på segnfigurane "Risen og Gygri", som stend i stein frampå kanten av fjellet, eller betrakte Bandaksfjorden djupt under deg gjennom det storslegne Møyskrivet. Gløstøylnuten er høgste toppen på turen med sine 848 moh. Utsynet over fjorden og fjelli ikring er både vidt, vilt og vakkert. Kanskje får du også auge på fiskeørna?

Kor startar turen?

Dei fleste vel å starte på toppen av Eidsborgberget, ovanfor Dalen, og gå mot Lårdal, men det er også sjølvsagt mogleg å starte i Lårdal å gå motsett veg. 

Skal me komme med ei anbefaling, er det ei finare turoppleving å starte på Dalen og gå til Lårdal. Planlegg turen og start tidleg om morgonen (kl. 08-09), så rekk du ettermiddagsbåten fint! Du må rekne ein 7-8 timar på turen (minumum 6 timar). Parker bilen din på bryggjeområdet på Dalen (langtidsparkering på motsett side av bobilparkeringa), her kan du stå gratis. Ring Tokke Taxi på tlf. 909 71 909 som køyrer deg opp til startpunktet i Eidsborgberget (4 km) til ein fastpris på kr. 200.

Den totale lengda å gå heile Lårdalstigen er 14 km. Ein lang dagstur, eller du kan ta med teltet eller hengekøya og gjere det til en 2 dagars tur. Det er også en lita hytte undervegs, Heddebu, som er open for turgåarar og med plass til 2 personar (drop-in). Skriv deg gjerne inn i gjesteboka her!

Lårdalstigen er blitt utruleg populær, det syns me er veldig stas! Båtane opplever stor pågang, og difor kan det vere greit å vite at ein kan ta morgonbåten ut frå Dalen til Lårdal og starte turen i Lårdal. Me vil at flest mogleg skal få oppleve turen og transportere dykk dit de skal!

Båtreisa på ein av dei gamle rutebåtane er ein vesentleg del av turopplevinga! Om det er tur eller retur, nyt turen frå dekk på M/S Victoria eller M/S Henrik Ibsen på Telemarkskanalen. Hugs å å bestille båtbilletten på førehand på www.telemarkskanalen.no

Uansett kva for retning du vel, Lårdalstigen er ein krevande, men fantastisk tur! Langs turstien er det sett opp nye, flotte informasjonstavler som krydrar turopplevinga!

Ha med godt med drikke, god niste og tursnacks, og ha på gode tursko.

Den vakre bygda Lårdal ved Bandak byr på idylliske plassar og eit koseleg bryggjeområde med ferjeleie for båtane på Telemarkskanalen. Her er det både serveringsstad og overnattingsstad.

Rundtur:

Om du ikkje har høve til å gå heile turen, kan du parkerere i Støylsdalen og gå ei rundløype på 6 km om Gløstøylnuten og tilbake til start i Støylsdalen. Kontakt turistkontoret for meir informasjon. 

Turfakta:

Lengde: 14 km éin veg

Tidsbruk: 6–8 timar

Gradering: Krevjande/ekspert

Høgaste punkt: Gløstøylnuten 848 moh.

Tilgjengeleg: mai–oktober (avhengig av værforhold) 

Turkart: Tokke 1 : 50 000 og Miniguide Lårdalstigen norsk/engelsk  

Ha på vanntette tursko med gode solar, eller fjellsko, og ha med rikeleg med vatn (minst 2–3 liter på varme dagar). Det er ikkje lett å finne vatn langs stigen.

Kanalbåtane har fast anløp inn til Lårdal om ettermiddagen. Henrik Ibsen går frå Lårdal måndag, onsdag, fredag og sundag kl. 17.10 og Victoria går tysdag, torsdag og laurdag kl. 17.55.

Ruteplan Telemarkskanalen

Nyttige telefonnummer:

M/S Victoria: +47 951 14 395

M/S Henrik Ibsen: +47 948 89 906

Tokke Taxi: +47 909 71 909

Kontakt oss gjerne på turistkontoret på Dalen før du legg ut på tur. Her får du turbrosjyre og god info. Tlf. +47 35 07 56 56, info@visitdalen.com 

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Om du kjem langs E-134, tek du av i Høydalsmo på Fv 450 mot Dalen. Om lag 1 km etter at du har passert Eidsborg, er det avkøyring på venstre hand (skilta ”Lårdalstigen”). Frå Dalen følgjer du Fv 450mot Høydalsmo. På toppen av Eidsborgberget, etter ca. 4 km, rett etter det blå Eidsborg stadsnavnskiltet, er det avkøyring på høgre hand (skilta Lårdalstigen). Parkering ved enden av grusveg (ikkje framom tunnelinngangen). Me vil anbefale at de parkerar på bryggjeområdet på Dalen (gratis) og tek taxi opp til startpunkt (kr. 200). Då har ein bilen lett tilgjengeleg når ein kjem i land med båten, og det er også avgrensa med plass på p-plass ved startpunkt i Eidsborgberget i tillegg til at det er ein litt skummel inn og utkøyring. 

Kjem du frå Åmot på fv 38, køyrer du gjennom Dalen mot brygga. 

Om du vel å starte i Lårdal, kan du følgje skiltinga mot Lårdal frå Fv 450 mellom Høydalsmo og Dalen. Halvvegs nede i grenda Lårdal er det parkering på venstre sida ved Eben-Ezer.  

Adkomst med offentlig transport

Annonse