Tittelsens fort – Røysanes

Publisert av: Haugesund Turistforening

Tittelsens fort – Røysanes

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    2,0 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Lett tur i krigshistorisk område Så langt nord me kan koma på Tittelsnes halvøya. Her ligg Tittelsnes Fort, som er vel verd eit besøk.

Me vil tilrå at du kombinerer besøket med å ta den 1,5 km lange fotturen til nordlegaste odden, Røysanes. Du kjører til Tittelsnes og passerer Tittelsnes bedehus som ligg tett inntil vegen på høgre side. Tek så av til venstre om lag 300 m lengre nede der det står skilt Festningvegen. Opp ein bakke og så til høgre. Etter 6-700 m på Festningvegen er du inne på sjølve festningområdet der det er god plass for parkering.

Festningen på Tittelsnes Fort vart bygd for at tyskarane skulle kunna kontrollera skipstrafikken på Bømlafjorden under 2. verdskrig. Til forskjell frå ein del andre festningar som vart bygde under krigen, er nær sagt alle bygningar på Tittelsnes Fort framleis intakt. Dette på grunn av at Heimevernet (dei første åra Sjøheimevernet, seinare HV 09) overtok og har brukt Tittelsnes Fort til kurs og øvingsområde. Bygningane har difor heile tida vore vedlikehaldne og fornya. Når ein tek turen rundt i festningområdet, vil ein sjå delar av mange hundre meter lange nedsenka/utsprengde gangvegar i terrenget, som førte fram til kanonstillingar og vaktpostar. Desse nedsenka gangvegane var og er delvis overdekka, slik at militærpersonellet skulle koma mest muleg skjerma fram til sine postar.
På den høgaste høgda i festningområdet er det bygd ein kamuflert/underjordisk utkikkspost. Herfrå vart trafikken i Bømlafjorden overvåka døgnet rundt. Nede ved sjøen på to strategiske stader var plassert lyskastaranlegg med aggregat som kunne lysa opp heile fjorden. Tittelsnes Fort ligg lunt og idyllisk til, delvis skjerma av fin furuskog. Etter å ha rusla rundt på festningområdet ei stund, høver det å avslutta med ein halvtimes fottur til Røysanes. Me føl vegen gjennom festningområdet, ned ein bakke til høgre og tek av på første skogstraktorveg til venstre. Det er bygd traktorveg om lag halve strekninga. Resten av turen går på godt synleg sti. Ute på Røysanes ligg to steinrøysar, truleg gravrøysar. Det er ikkje uvanleg å finna slike steinrøysar ute på nes langs kysten. Ekspertar meiner slike røysar kan skriva seg heilt tilbake til tidleg bronsealder.
Er veret lagleg, bør me stansa ei stund ute på odden og sjå ut over Sunnhordlandsbassenget. Dersom me vil finna ein meir lun plass for å ha kaffipause, bør me gå om lag 200 meter attende på stien og ta av til venstre eit kort stykke ned til Haugavika, ei lun lita vik rett innanfor Røysanes, med utsyn mot Halsnøy og Kvinnheradsfjella. Det er greiast å følgja same stien attende til Tittelsenes Fort. Dersom du føretrekkjer ein tur i låglandet i staden for å stressa mot dei store høgder, bør dette turforslaget vera eit alternativ.
Du kan ta turen en formiddag, ein ettermiddag eller somkveldstur ein fin sommarkveld medan sola sig ned bak Siggjo.


Kjøretid: 45 min. fra Haugesund


Parkering: på festningsområdet


Gangtid:ca 1 time t/r


Dels traktorveg og dels umerka, men tydeleg sti


Kart: Turkart for Sveio

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Vi tar av fra E 39 like sør for Bømlafjordtunnelen og kjører til Tittelsnes. Ca 300 meter etter at vi har passert Tittelsnes bedehus, tar vi av til venstre på Festningsvegen. Denne følges 6-700 meter til selve festningsområdet.

Haugesund Turistforening