Helgasete (Sogndal kommune)

Publisert av: Sogndal Turlag
Annonse

Om turen

5,5 km ein veg, 600 høgdemeter.
Turen startar ved Barsnes. Grusveg langs fjorden omlag 2 km mot Sauradn. Eit godt alternativ er å sykle inn hit. Skilta mot Helgasete der stien tek av. Slak start, deretter nokså bratt stigning til stølsvollen Dal. Frå toppen av stølsvollen går sti vidare i litt slakkare terreng til stølsvollen Helgasete. Markeringa i kartet er gjort på skjønn, og ikkje etter GPS måling.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parker langs vegen/langs fjorden på Barsnes.
Annonse

Publisert av

Sogndal Turlag