Utsikten

Publisert av: Stanghelle idrettslag 
Annonse

Om turen

Stanghelle idrettslag har merka opp ti turløyper i fjellområda rundt Stanghelle for å gje bygdefolket gode turtilbod i nærområdet. På kvart turmål er det ei bok der ein kan registrera seg, og kvar 17. mai vert det trekt ut premiar til deltakarane.

Turen startar ved parkeringsplassen på sørsida av Dalevågtunnelen, og ein følgjer vegen gjennom gardstunet oppom parkeringsplassen. Følg skogsvegen vidare, og ta ein kvil om det trengs på "5-minutten" når vegen er på det brattaste. Her er det flott utsikt! Når skogsvegen flatar ut skal ein ta til venstre. Ved postkassen er det benk og bord så her kan ein nyte medbrakt. Flott familietur!

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering på sørsida av Dalevågtunnelen.

Adkomst med offentlig transport

Buss til Helle nord. Tog til Stanghelle stasjon, gå til Helle via Brekkjen ca 3 km.
Annonse