Topptur til Liabrekulen (1910 moh.)

Legg til huskeliste
Annonse
Skal du sjå Jotunheimen på nært hald, finn du ikkje finare utsiktspunkt!

Fjelltoppen Liabrekulen (1910 moh.) ligg rett opp frå DNT-hytta Nørdstedalseter og har det flottaste utsynet som tenkjast kan! Her ser du heile tindeverda i Jotunheimen og mot dei høge og fine toppane i Breheimen, frå Hestbrepiggane, via Holåtindane og Tverrådalsk...

Adkomst med egen bil

Frå vest følgjer du vegen til Sogndal, og så er det berre å følgja fylkesveg 55 mot Luster og Sognefjellet til du kjem til Fortun. Frå Førde må ein rekna mest to og ein halv times køyring. Frå aust følgjer du fylkesveg 55 over Sognefjellet.

Deretter følgjer du flate Fortunsdalen innover mange kilometer, før stigningane byrjar oppover mot Nørdstedalsseter og DNT-hytta der. Dalen er lang og vegen smal, så det tek si tid å koma fram, men etter ein ny halvtime er du nok ved vegs ende i Vetledalen, den av dei tre dalane med anleggsveg som ligg lengst til høgre.
Annonse