Risfjell i Gjerstad kommune

Publisert av: Aust-Agder Turistforening
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    9,1 km
    3 timer
    En vei
  • Sesong
    Mai - okt
Risfjell ligg i Gjerstad kommune, nord for Heiland ved FV71.Turen på Risfjell går gjennom småkupert skog og fjell, med utsyn, og blir her skildra som rundtur om Steinhytta og toppen på Risfjell (503 moh).
GONGTID: 3 t, ca 8 km

TUREN:
Turen startar ved Infotavla og går rett austover over bekken
og følger varda og blåmerka løype opp gjennom lia.
Etter ei stund i småkupert skogsterreng med bærmark
kjem me ut på dei fine svåfjella ved Krikklifjellet. Her er
det godt utsyn mot vassdraga ved Heiland og heiane
rundt. Under fjellet låg heigarden Krikkli. Rett etter fjellet
kan du ta ein liten avstikkar opp til venstre og sjå den
vakre Gullknapptjenna.
Vidare til Steinhytta går løypa mykje på fjell i opnare
lende, forbi små myrar og tjennar. Dette er kanskje den
vakraste delen av turen. Midtvegs går det stikkveg opp til
toppen.
Steinhytta blei bygd av karane i Øygarden ved Trydal den
gongen dei slo graset på myrene. Høyet blei frakta ned til
Skorva. Siste slåtten var i 1943, men steinhytta er restaurert
så det går å overnatte her. Inne i hytta ligg det turbok.
Rett sør for Steinhytta ligg Risfjellvatn.
Me følger løypa vidare vestover litt nordaføre der me
kom. Løypa går i myrlende med litt kupert fjell og skog
imellom, mot toppen av Risfjell på 503 moh. Her er òg
turbok for namnskriving. Det er tid for kafferast på toppen.
Dei fleste vel truleg å raste både ved Steinhytta og på
toppen, om dei går heile runden. Etter ei kvile går turen
ned fjell og skog til Risfjelldalen og på veg siste beten til
parkeringsplassen.
ALTERNATIVE RUTER:
Frå toppen av Risfjell går det løype sørover til løypa
mellom Krikklifjell og Steinhytta. Løypenettet blir derfor
som eit 8-tal, og løypene kan varierast til ulike lengder
etter dagsform og lyst.
Heigardane
Risfjell ligg midt i nettverket av nedlagde buplassar i
Gjerstadskogane. Det var tre storgardar: Markset, Ljådal
og Heiland, og ei meng småplassar. Nærast Risfjell ligg
Krikkli, Finnen, Skorva og Solem. Ved Sandva var det
skule og skulehus fram til 1916 då dei fleste heigardane
blei fråflytta.
Tre dalar
Frå Risfjell ser ein godt to av dei tre dalane som går
gjennom øvre Gjerstad. Me har starta frå Heilandsvassdraget
som er det søndre. Når me ser nordover ser me
ned mot vassdraget som kjem frå Uvdalen, renn forbi
Fjosbu og ender i Lundvatn ved Valle. Det tredje dalføret,
Digerdal ser me mindre til herifrå.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå E18 følger du Fv 418 mot Gjerstad og FV71 mot Øy. Etter om lag 26 km kjem du til Heiland, og rett etter rasteplassen der tek du første veg bratt opp til høgre. 1 km
opp til parkering før Stemtjenn ved infotavle og løypestart.

Aust-Agder Turistforening