Hesteggi (907 moh)

Publisert av: Sogndal Turlag
Annonse

Om turen

3,5 km ein veg, 700 høgdemeter.
Turen er merka frå utkøyrsle like før toppen av Kjørnesfeltet. Følg stien til Jeiskedalen. Der er det skilta mot Hesteggi. Fyrst god sti opp til skogsveg. Ta til venstre og føl vegen om lag 500 m., til sti som tek av ved nytt skilt til Hesteggi. Deretter vekslande, litt brattlendt opp til varde på toppen. Markeringa i kartet er gjort på skjønn og ikkje etter GPS måling.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Rv 55 frå Sogndal til Kjørnes. Ta av og køyr nesten til toppen av Kjørnes feltet. Parkering ved turstart og skilt til Jeiskedalen.
Annonse

Publisert av

Sogndal Turlag