Øktarenuten

Publisert av: Vindafjord kommune

Øktarenuten

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    4,0 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Øktarenuten er 532 meter høg

Frå parkeringsplassen følgjer ein god traktorveg opp gjennom beiteområde som går over i sti. Vegkryss er godt merka. Under vegs er det to rasteplassar, den første i det den første stigninga er over (fin utsikt over Sandeid), neste er eit solid steinbord før siste stigninga mot toppen.

For dei som ynskjer ein lengre tur er det før den siste oppstigninga til Øktarenuten merka sti vidare innover (til venstre) til Døldarheia. Her kjem ein opp på eit fjellplatå med svært godt utsyn i alle retningar. Her er det mogeleg å gå vidare ned til Vats (godt merka) eller over mot tursti mellom Stuhaug og Aurdal (Ikkje merka frå Døldarvarden til tursti Stuhaug/Aurdal).

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Sandeid: i vegkrysset mot Ølen tar du vegen mot Ilsvåg ca 0,5 km. Sving til høgre rett over brua, i Vestbø (turstiskilt) v/hønsehus. Køyr til endes på grusveg til parkeringsplass med oppslagstavle.