Knappstad - Jettegryte - Urrabben - Storfurua - Øyraskora - Knappstad

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    7,7 km
    3 timer
  • Sesong
    Apr - okt

Rundturen startar frå parkeringsplassen på Knappstad der informasjonstavla og turskilta er. Gå på skogsveg/sti oppover og følg stien mot Ytre Knappstadstøylen forbi Kvile og opp til skiltet som viser Urastien. Følg Urastien som er merka austover, men vær obs den deler seg etter ei stund. Følg med på sporet i kartet i appen. Gå ned til Jettegryta (det er skilta til Jettegryta frå stien) og over Urrabben. Sporet har forskjøvet seg til Jettegryat, følg skiltinga langsmed berget.

Ta gjerne ein avstikkar ned til Storfurua (ei stor furu som to personer ikkje klarer å ta rundt) ved å følge stien rett fram og ned mot Uravatnet. Fin rasteplass der nede. Vidare langsmed Hestvikelva og ned til Storfurua som ligg omlag på kanten av fjellet ved elva.

Gå same veg opp att til stidelet og du kjem inn att på den merka stien. Det er litt bratt og ulendt ned i Djupeselda, men går fint om ein tar tida til hjelp. Her føl du skilt som viser veg til Øyraskora. Frå Øyraskora går du den skilta og merka stien tilbake til Knappstad.

Sporet på kartet vart gått 25.april 2020. Vi gjekk utanfor merka sti ned til og opp frå Storfurua. Sporet har forskjøvet seg litt ved Jettegryta

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Kjør RV 5 forbi Eikefjord ta av ved busskuret som viser til Knappstad. Det er skilt som viser til tursti og parkering med informasjonstavle på parkeringsplass
Annonse

Publisert av

Flora Turlag