Løypemannskapet til Fjellhug/Vereide køyrer løype frå Kleivane til Haugsvarden . Om ein ynskjer kan ein ta løypa om Gloppestad- og Austrheimstøylen.
Ofte er der skispor rett opp frå Kleivane skisenter, det er litt kortare og brattare enn der trakkemaskina køyrer.
På skisporet.no kan ein sjå om der er køyrde spor. På facebook-sida "skiføret Kleivane skisenter" kan der vere lagt ut føre-rapport.
Sjølv om Haugsvarden "berre" er på 862 moh har ein nydeleg utsikt! Vi ser mellom anna Sandane, Lote, Hennebygda, Hopland og Innvik. Av fjell kan vi nemne Ryssdalshornet, Traudalsnibba, Morafta, Eikeneshesten, Hyeneshesten, sendaren på Lote, Kyrkjefjellet, Sunndalsnipa, Sunnmørsalpane, Skåla og Snønipa!