Knappstad til Knappstadstøylane og Eikefjordstøylen 

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    10,5 km
    4 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Mai - nov

På Knappstad tek du av Rv 5 ved busskuret og følgjer bygdevegen oppover og det er skilta til tursti. Ovenfor garden er det parkeringsplass og der står det informasjonstavle. Følg traktorvegen oppover. Det er godt merka oppover i skogen og følg stien opp til skiltet: Kvile Langelia. Gå så rett fram over myra og du kjem inn i den brattaste delen av stien i Brekkene. Stien går no jamt bratt oppover til Ytrestøylen og du passer Perleporten på veg opp.

Knappstadstøylane er merka som Ytrestøylen og Indrestøylen på kartet.

Vel oppe på Ytrestøylen kan du no ta deg ein kvil og nyte utsikta.

Bak støylshusa kan du ta turen oppover til du kjem inn på stien opp til Indrestøylen.

Gå opp igjen og tilbake same sti frå Indrestøylen til stikrysset der du møter stien du kom opp frå Ytrestøylen. Ta til høgre og deretter rett vestover til du kjem inn på stien over til Eikefjordstøylen.

NB! Elva før Eikefjordstøylen kan være stor ved mykje nedbør eller snøsmelting, men då kan du gå litt tilbake og det er merka sti over høgda.

Frå Eikefjordstøylen går du ned via Lussiræva og Rømmeskåra og over brua. Vidare austover mot Ytrestsøylen men ta av frå denne stien og gå ned Kyraråkja til du møter stien ned frå Ytrestøylen. Følg denne, samme sti ned som du gjekk opp, til parkeringsplassen.

Det er godt skilta og merka i området.

Sporet på kartet er gått 4.mai 2020.

Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Kjør RV 5 forbi Eikefjord og ta av ved busskuret som viser til Knappstad. Det er skilt som viser til Tursti og parkering med informasjonstavle på parkeringsplass.
Annonse