Årdalsstølen - Raada/Seimsstøylen - Bøvassbu - Årdalstøylen

Publisert av: Indre Sunnfjord Turlag
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    12,1 km
    6 timer
    En vei
  • Sesong
    Mai - okt
Bomveg ( 30 kr ) til Årdalstøylen. Lett sti mot nordvest til Nigardsvatnet og vidare forbi Tvillingvatnet og Støylsvatnet til støylane i enden av vatnet. Stien kan vere forholdsvis blaut. Frå kanten på Bøafjellet er det fin utsikt over Breimsbygda. Merka sti mot nordaust til Bøvassbu. Hytta her er open og kan brukast til ly. Delvis merka sti i steinete terreng søraust mot utgangspunktet, Årdalssøylen. Vi går forbi Blåfjellvatnet som ligg på 1279 moh. Siste del av turen bratt ned mot Årdalstøylen. Turen tek 5-6 timar.
Det er utlagt trimbok ( Breimsbygda idrettslag ) både på Seims/Rådastøylen og Bøvassbu 2013/14.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta fylkesveg frå Reed i Breim,til Årdal. Bomvegen tek av frå Frøystad.

Indre Sunnfjord Turlag