Rundtur: Hyllestad - Sæsol - Myklebust - Hyllestad

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    3,1 km
    1 time
  • Sesong
    Hele året
Lett tilgjengeleg og veldig godt merka rundtur, som passar fint å ta med utgangspunkt i Hyllestad sentrum. Turen er finast om du startar frå Sæsol-sida, men det er sjølvsagt godt mogeleg å gå motsatt veg òg. Føl turstien gjennom Svartedalen til gamle Hyllestad, der du går mellom historiske bygningar. Utsikt ned på det gamle naustmiljøet, med Langebua som den mest kjende. Stien passerar Hyllestad Gamle Kyrkjegard, med kjende steinkrossar frå vikingtida. Føl den kommunale vegen til første hårnålssvingen, der det er skilta Kystarv-løype til Myklebust.

Første delen av Kystarv-løypa er realtivt bratt, men stien og merkinga er god. Etter om lag ein halv kilometer flatar stien ut, og går gjennom skog- og myrterreng. Etter kvart får ein flott utsikt austover mot Robba og fjellområdet mot nord og aust. Bratt nedstiging på Myklebustsida ned mot Brukelia, som er ein perfekt rasteplass med benkar, utsiktspunkt og tilgang på reint vatn.

God sti nedatt til Myklebust-feltet, der stien kjem inn på det kommunale vegnettet. gjennom lauvskog og nokre mindre plantefelt. Spor etter kvernsteinhogst, og stien går rett over ødelagde kvernsteinar i enkelte parti. Kan godt kombinerast med eit besøk i Kvernsteinsparken.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering ved butikken / idrettsbana, eller i Myklebustfeltet.
Annonse